onsdag 23. januar 2013

På kjøkken hos farmor og farfar

Det er så rart med minna våre, me ber dei med oss, men me veit ikkje alltid at dei er der. Så brått, som frå ingen stader dukkar dei opp. Det kan vera ei lukt du kjenner snev av, ein farge som minnar deg på, ein smak som liknar på noko.
Eller som at eg seig ned på den blå krakken i dag då eg kom heim frå jobb og skulle ta av skoa.  Og brått, på brøkdelen av eit sekund, var eg tilbake i det kjøkkene som ikkje lenger fins - men som var min barndoms "farmor og farfar kjøkken"


Det var eit lite kjøkken, eller akkurat passe til eit lite hus kan ein seia. Ein liten låg kjøkkenbenk under vindauga, eit bord midt på, heilt inntil veggen, på motsett side eit kråskap.

Komfyren stod rett innanfor døra. Så var det ikkje plass til meir.
Jau, eg gløymer noko viktig. Trappa til loftet gjekk opp rett utanfor kjøkken, og den laga eit lite kott i eine hjørna av kjøkken. Inni det litle kottet lukta det av grønsåpe, for der vart den oppbevara. Og ved kott-døra hang utslagsvasken.

Rundt bordet hadde alle sin faste plass. Farfar i kråa ved vasken, farmor ved enden av bordet, og eg (når eg var på besøk) på ein blå krakk klemt mellom bordet og kråskapet.
Det passa meg fint og sitja der ved kråskapet, då kunne eg nemleg lure opp døra og kikke inn på dei fine raud og grøne egglasa i plast. Dei var forma som små høner.

Den blå krakken var sjølvsagt heimelaga av farfar, slik var det med mange av tinga i "framor og farfar huset"

Vassausa - farfar var bortom vasken og drakk litt frå den
kvar gong han kom inn til mat. Og kaffikjelen har nok koka mange kaffikoppar. 
I dag måtte eg leita gjennom gamle bilete for å prøva å finna bilete av kjøkkenet - eg fann ikkje noko. Kanskje var det slik at ein ikkje kom på å ta bilete av kjøkken "før i tida" Kjøkken var eit nytterom, ikkje noko ein stilla ut og synte fram.

Men, så får eg bera med meg minna, og kosa meg med dei når dei "fell ned i hovudet mitt"
Kanskje er det ei meining med å ikkje ha bilete av alt. Kjensla, lukta og varmen i farmor og farfar sit kjøkken hadde likevel adri kunna skildrast på noko bilete.
Det er fint å eiga minner, gode varme nære minner.


Lukk augene og ta fram dine beste minner, dei kan varma godt på kalde vinterkveldar.

1 kommentar:

  1. Ja de gamle gode kjøkken - jeg har heller ikke noe bilde av mine bestemødres kjøkken, men jeg husker dem godt. De er tegnet inn i hjerterommet, men kunne gjerne hatt noen gode foto til å se tilbake på med glede.

    SvarSlett