tirsdag 15. januar 2013

Kvardagen


Kvardagsblom
Ja - eg ga den blomen litt vatn, han kjenner seg betre nå.
Eg plukka vekk det vissne og - det gjorde underverk.
Kvardagane er kanskje slik for deg og at ikkje alt som skulle vore gjort vert gjort.
Interiør innslag laga av 4 åring i barnehagen
Eg beveger meg rundt i bloggverdenen med ujamne mellomrom og av og til (ikkje så sjeldan) dumpar eg borti det som vert kalla "Interiør-blogger" Det er gildt å lesa og sjå korleis andre pussar opp og gjer det fint der dei bur.
Sidan eg har levd ei stund så veit eg at sjølv om blogger har ord som "drømme liv" "det søte liv" eller "det gode liv" i namna sine så er nok deira liv ikkje meir drøymande, søtare eller betre enn "oss andre" sine liv.
Bak: Blom i finklede Framme: Kvardagsrot
Sjølv får eg og kommentarar frå kjente og ukjente om at livet i Hykken ser så koseleg ut.
Då kan eg bekrefta at, ja dei fleste dagane er koselege og gilde.
Men me har dei andre dagane og - som alle andre.
Men vil me eigentleg lesa om kvarandre sine nederlag og fadeser?

Nei

Eg prøver å hugsa nye pærer til taklampa
 kvar gong eg skal handla. Enn så lenge lyser
3 ulike så godt dei kan.
Men det eg saknar av og til er litt realisme. Så her er litt Hykkensk kvardagsrealisme i biletform.

I kvardagen må ein daks klara seg som hest for ei "prinsesse"

Dei fleste kvardagene er heilt ok.
Det er berre ein ting å seia:

Noen ganger er det all right

Ikkje naudsynt å "ta av" til ei kvar tid.

2 kommentarer:

  1. Du har så rett så rett :D Det er best med hverdager, men en festdag i ny og ne gjør seg :D

    Herlige prinsessa :D

    Ha en hyggelig tirsdagskveld :D

    SvarSlett
  2. Ja det er vel hverdagene det er mest av hos oss alle.
    Med visne blomster og rot både her og der.
    Slik er det bare. Godt bikkja er glad i den
    flotte jenta. Ellers hadde den vel ikke godttatt
    å bli sittet på.
    Det var da skikkelig tidlig våronn hos dere da.
    Her ligger snøen rundt huset i minst to-tre måneder enda
    Så jeg behøver ikke være redd for vannblemmer på ei god stund.hehe.
    Ønsker deg ei fortsatt god uke :)

    SvarSlett