Men gaver kan jeg gi, hvis du vil stå på ski, så strør jeg snø på vei og sti i bakke, hell og li"
Det er vinter og me kjenner det godt med det same me stikk nasen ut av døra.
Det meste av snøen frå snøstormen før jul er vekke. Men dei tjukkaste fennene ligg enno, og dei vil trenge mykje varme for å tina. Dei er knall harde og godt pakka saman.
Så med låg sol og kalde dagar vert det berre korte turar ut. Men ut må me for å lufta "vede"
Sibirkornell lyser opp i hagen med sine raude greiner uansett kuldegrader ute.
Det er heilt sikkert at vannblemmene eg fekk frå å raka lauv tidlegare i januar skal få god tid til å gro.
Det meldes om kuldegrader så langt ein ser.
Men igår fann me ein gild video på MOSEPLASSEN
Her får me ei innføring i å lage islykter. Og det måtte me prøva.
Dei fyrste små lyktene var ferdige i dag morges.
Dei litt større må nok venta til i kveld med å verta tekne i bruk. Dette var kjempenkelt og gildt. Både eg og Stine på 4 år kosa oss med aktiviteten. Og så fint som det vart.
Me skal laga fleire og prøva litt ulike måtar å gjera det på.
Prøv du og :-)
Dei lyktene med konglar og kvistar er laga på den "gamle" måten, med bøtte i bøtte. Eller plastglas i form.
Godt å finna gilde aktivitetar i kulden.
I dag skal me ut å vera med på å få heim ved frå "skogen"
Kan jo vera det kjem fleire kalde vintrar - og det er best å vera førebudd.
Eg tek med kamera, så får me sjå om det ikkje vert litt frå vedhoggsten og etterkvart.
Ha ein fin laurdag i kulden.
Ja det er den kalde januar vi får være sammen med nå.
SvarSlettMen solen skinner her i dag og det hjelper litt synes jeg.
Det er fint å bruke denne kulda til noe, islyktene dine er kjempefine.
God helg fra Marit.
Så nydelige lyslykter dere har laget.
SvarSlettKjempeflott utepynt. Må se om jeg har noen
ballonger. Kos dere i kulden på Jæren
Ha en herlig søndag :)