søndag 14. oktober 2012

Rådyrjakt

Jegeren
 Det har vore eit diskusjonstema i heimen i Hykken om me skulle blogga jakt eller berre la det vera. Men nå er det slik at jakt er den store aktiviteten hos oss frå august til desember. Og skal me blogga "livet i Hykken" så er det naturleg å ta det med.
Me har jaktløyve på nabogardane, til å byrja med hadde me løyve på 4 rådyr, men fordi stammen nå er stor har me dei siste to åra hatt løyve på 6 dyr.
Jakt er ein fritidsaktivitet me er saman om. Ikkje alle er jegere, eg skyt ikkje, men har funne ut at slakting og å nytta kjøtet er spanande.
I kveld fekk me ordna oss med barnevakt (takk Erlend) og kunne ta oss ein tur saman. Olav med våpen, og eg med kamera.
Me hadde kjørt forbi tidlegare på dagen og sett dyr beita, og hadde godt håp om å finna noko.
Ikkje lett å sjå, men dei går ved "kanalen"
Likevel er det spanande - det gjeld at me ser dyra før dei ser oss. Og at me samtidig er på skuddhald.

Her ser me dyra, men er altfor langt unna, no gjeld det å koma innpå, og å halda seg på rette sida i forhold til vindrettning. Rådyra høyrer og luktar godt, men synet er ikkje så godt.

Me nærmar oss skogholtet og skal halda oss på høgre side......

Her har me dei i kikkerten

Og på skuddhold. Tenkte liksom å få teke bilete i det det smell - men det er ikkje lett.
Tenk å jakta på og eta så søte dyr seier mange. Men om eg fyrst skal eta kjøt vil eg helst eta dyr som har levd eit godt og fritt liv. Før dei vert skotne og døyr med det same. Det er ikkje slik at me berre et viltkjøt, eg trur at mange husdyr i Norge lever gode liv før dei vert mat.

Så skal dei heim, me er ikkje langt heimanfrå, men likevel er det tungt å dra dei heimover.
Dagens trimm kan ein seia.


Stine ville ikkje leggja seg før ho fekk sjå dyra. Ho har vore med på dette sidan ho var født - så for henne er det ein heilt naturleg ting.
Erlend har og teke jegerprøven, men nokon må jo vera barnevakt....
Så er det å venta 40 døgngrader før ein kan ta til på oppdeling av kjøtet.
ar veldig lyst å prøva meg på å laga pølser denne gongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar