lørdag 13. oktober 2012

Nytt vaskerom - ikkje lenger ein flaskehals


 Har venta ei stund nå på å få ta det nye vaskeromet i bruk. Rart med det når ein skal vente på innreiing, vente på elektriker og vente på røyrlegger - då går dagane. (og når sant skal seiast så er ikkje alt heilt ferdig nå heller, men så å seia)

 Men den som ventar på noko godt, som sagt....
Romet fungerer som kombinert vaskerom og biinngang. Det gjorde det før og, men då var det på berre 4 kvadrat. Og det er utan tvil litt lite når me er 6 i familien. Tenkjer med gru på korleis det var å hoppe over 3 ransler, fem par sko og eit par gymbaggar då eg kom heim frå arbeid.
Nesten som ein ikkje fann plass til å setja foten.
No har eg god tru på at det vert betre.
God plass i skap til å gøyma det som før stod "overalt"


Herleg med ei korg til kvar -
til luer, skjerf og vottar
Strykebrett i skuff - praktisk, trur eg.

Godt med alt ein kan få inn i skap

Den nye inngangsdøra er me godt nøgde med.
Bilete funne på nettet og sett inn i ramme
Ved utgangsdøra, berre så ingen skal
gå i feil rettning.

Nykjøpte bokser til vaskepulver - dei var for fine til å gå frå - så eg berre måtte ha dei.
Men dei fyrste som lagar slike på NYNORSK skal få mykje gratis reklameplass hjå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar