Når me er borte vil me alltid heim, iallefall eg, eg vil igrunnen heim før eg har reist bort. Litt rar det der. Men på fine dagar som idag skjønar eg iallefall sjølv kvifor det er så godt heime.
Heime på Jæren er det mykje av mangt. Ikkje minst himmel og hav.
I dag var det fint frå morgon til kveld - det inspirerte til å syna det beste av det som er "HEIME" for meg
Mange har forklart at alle vert prega av det landskapet dei bur i. Men det kjem vel ann på kva ein ser i landskapet ein bur i.
Jærbuen skal jo vera så tungsindig - men det harmonerar dårleg med den høge frie himmelen. Den skulle vel inspirera til høge frie tankar, ikkje til tungsinn.
Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju miler lang låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust.» Arne Garborg
Dette er frå Refsnes stranda, ein kort køyretur frå Hykken.
Me brukar stranda mykje til å gå på tur.
Dette er frå Åsen, berre få minutt kjøretur heimanfrå. Nydeleg turterreng.
Solnedgang heime i Hykken - flott avsluttning på ein solskinsdag.
Men før eller seinare skin månen over Hykken - på klare kveldar |
Arne Garborg
Flotte bilder ! Frå Hilde
SvarSlettSå fantastisk fine bilder og herlig blogg!:)Hilsen fra oss i Humlehagen!:)
SvarSlett