| Ikkje greit å vera Hortensia i dag |
Blomar og tre får og eit "spark" bak - på tide å sleppe blokkene, slutta å blomstra og gå over i vinterkvile.
I dag kjenner eg nok på lysta til å gå i dvale sjølv og. Men eg vil ikkje sova like lenge som bjørnen, berre eit par veker. For er det ein ting eg ikkje vil sova bort så er det jula.
| "Poff, så kom frosta og snøen. Og trea var raske med å sleppe blokker" |
Eg har tjuvstarta og, for å vera heilt ærleg. Har kjøpt dei fyrste "julemagasina" og har byrja planlegging av det eg vil laga av pynt og kaker i år.
Synes ikkje at det øydelegg jula om ein byrjar å putle litt lang tid på førehand. Det gildaste med høgtida er jo å vente på den og gle seg.
Det beste som finns er å gle seg til noko, og å kosa seg med det.
| Spanande med spor i snøen, sjølv om det berre er Pus som har vore ute på tur, og ikkje noko rådyr. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar