|
Raud klatrerose |
Tunge regndropar mot vindauga når me vaknar, dei får oss til å ynsja å berre vera der i dag. Og når me kikkar ut vindauga på jobb, møter augo hundrevis av blaute striper av regn.
Like tunge dropar mot hovud og nakke når me i rasande fart spring frå bilen og inn i huset etter endt arbeidsdag.
Og i det me kryp under dyna slår dropane jammen framleis mot ruta og gjer det umåteleg godt å vera nettopp der under dyna, varmt og godt.
Det er dette som er haust.
Nedbør er en meteorologisk betegnelse for vann som treffer jordens overflate. Den har formene regn og snø samt de spesielle utgavene sludd, hagl, graupel og yr. Nedbør er en svært viktig del av vannkretsløpet, og er kilden til mesteparten av ferskvannet på Jorda. I fagkretser er det uenighet om hvorvidt kondensering som dugg eller rim skal regnes som nedbør.
Teksten om nedbør er henta frå Wikipedia - godt å vita i desse dagar når nedbør kjem til oss i strie straumar.
|
Svartsurbær(Aronia) |
Hausten har sine gode sider og, fargane vert sterkare, vepsane vert latare, og me kokar varm suppe og kosar oss inne.
Men til helga, då vil me går ein fin haustur og trekkje inn lukta av våt skog og mose. Hadde eg berre hatt greie på soppsanking.....
|
Haustkledd Lønn |
|
Kvitrogn i haustfargar |
|
Bergknapp, fyrst når hausten kjem den får synt seg fram |
|
Og humlen får "konglar" |
|
Terassen i finaste hauststas
|
|
Og nokre er som aller venast når hausten kjem. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar