|
Frigg |
 |
Sigvald II |
 |
Esmeralda |
 |
Daisy Milda |
Kattungane har vorte 5 veker. Dei er nå flytta frå bokhylla i stova og ut på kjøkken. I hylla var det for mange ledningar for skarpe små kattetenner. Må sei at kattemorer gjer ein godt oppdragarjobb, me har mykje å læra. No et kattungane sjølv og dei brukar kassen til å gå på do. Berre ein gong har me måtta tørke opp av golvet.
På kjøkken er det fullt liv, best å passa på kor ein set føtene. Og vert du ståande for lenge ved kjøkkenbenken risikerer du at dei små klatrar frimodig oppover buksebeina dine - dei har skarpe klør om dei er små.
Sigvald er tøffingen - først til å prøva alt som er litt på kanten.
Frigg er den kosete - som kjem spingande mot deg når du kjem heim.
Esmeralda er den reserverte - alltid to steg bak.
Daisy Milda den sjenerte - gøymer seg fort under kjøleskapet.
 |
Vill søskenleik under kjøkkenbordet |
 |
"Kva er denne blinkinga, huffamei" |
 |
Gøyme meg under kjøleskapet eg.............. |
 |
Fremdeles godt hos kattemor |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar