Ein nydeleg sommakveld vart det i kveld - og sidan det ikkje har vore for mange av dei er det best å nyta dei når dei endeleg kjem. Så me opna raudvinsflaska (på ein måndag!) og tok med oss bøkene ut på terassen.
Men romantikken er ikkje aleine tilstades, for bakom ryggen vår står rifla til Mannen i Hykken - For ikkje berre har bukkejakta byrja, det er lagt ut reveåte på kjelva nedanfor. Så eg les - mannen sprett litt opp og ned og kikkar i kikkerten.
Jakttid er spanande - har lova å blogge ein jakttur. Fyrste bukken er alereie skoten.........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar