|
Trur dette er Alba "Maxima" |
Sikkert mange som nyt blomstrande roser i desse dagar. Denne kvite rosa er ei buskrose. Den luktar kjempegodt og sterkt som mange av dei gamle sortane gjer. Er veldig usikker på navnet, har prøvd å lesa meg fram til kva rose det er.
|
Prestegårdsrose hugsar eg farmor kalla dei |
Det eg er sikker på er at då farmor flytta frå heimgarden sin på Garborg og hit til Hykken, så hadde ho med seg stikkling av denne rosa. Ho blomstrar berre ein gong, og dersom ein ikkje er flittig med rosesaksa, så ser busken temmeleg sørgelig ut mot slutten av blomstringa.
I helga var eg på hagesenteret og handla nye historiske roser til halv pris, spanande. I år har eg planta mange nye roser - får bare håpe dei klarer vinteren. Men Rosa Rogousa får eg ikkje kjøpt, dei er visst blitt ein trussel. Og eg som har så mange gode minner om desse - kan vera eg utpå hausten tek meg ein tur å sankar frø og prøver å driva fram eit par buskar til hagen. Kjenner meg litt opprørsk - kanskje -he,he
|
I dag har me finver på besøk - best å nyta kvart minutt av dagen :-) |
|
Forglemmegei - den står og så liten, nydelig og beskjeden i desse dagar |
Ingenting gir sommerfølelse som en alba-rose! Heldig du er som har fått kjøpt noen til halv pris.
SvarSlettFlotte, hvite roser! :)
SvarSlettSå koselig med slik gammel arverose :) Nydelig var den.
SvarSlettDet finnes fortsatt rosa rugosa hybrider å få kjøpt, disse sprer seg ikke like ille, men er robuste og gode, og spennende. Men såklart, det er joikke samme rosen.
Takk Anne, då skal eg leita og spør etter ei slik hybridrose. Hugsar så godt at me spiste på fruktene utover høsten :-)
SvarSlettEg ser jo at rosa rugosa spreier seg veldig, og er einig i at det nok ikkje er bra.
Villrose og Mandelhjarta
Så gildt at de likar rosa mi - eg er veldig glad i ho :-)