I heimen her i Hykken bur det ein del folk, og forsåvidt dyr. Nå skal det ikkje handla så mykje om dyr denne gongen. Av den enkle grunn at alle dyra her går utan sokkar. Men me andre, me treng sokkar - ein på kvar fot. Har ofte tenkt på kor mykje enklare det hadde vore om me ikkje måtte ha to sokkar, men nå er jo det ikkje eit alternativ. Heldigvis forsåvidt, for då hadde me vore sjørøvarar med trefot heile gjengen. Og det hadde vore i overkant mykje sjørøvarar, - så langt frå sjøen. Altså, nå må eg ikkje rota meg vekk. Sokkane, dei kjem i ulike fargar og mønster. Når du har bruka desse sokkane ei stund, kan det vera lurt å vaska dei.
Men som kjent er det jo då trøbbelet byrjar.
Typisk eksempel på søskenbarn sokkar. Ein del til felles, men ikkje heilt like |
Så tek me søskenbarn sokkane, legg dei i ein haug og ventar. For det kan jo vera at ..................ja du veit, den andre dukkar opp. Det skjer ikkje.
Men prøv å hiva lasset med søskenbarnsokkar. Det er ikkje lett. For sjølv om du har stappa dei aller lengst ned i søppekdunken, og lukka lokket hardt igjen, så skjer det. Sokkane går inn att, heilt av seg sjølv, hoppar inn i maskinen og kjem reine og fine ut att. For sanneleg kjem ikkkje sokken med jordbær på, som du heiv igår, smilande ut mellom handkle og klutar. Like blid. Og det same med dei gule og dei grøne.
Men no i dette gjenbrukstider har eg sett på alternative bruksområde for
Typisk eksempel på ein som ikkje går godt saman med så mange andre. |
Ein ualmindeleg "orginal" blomstervase |
Varmesokk for kalde epler, dei har ikkje betre ver enn oss. |
Pynt opp ein busk som har sett betre tider |
Frisk opp ei elles kjedeleg innkjøyring |
Eg prøvde og å syne einslege sokkar brukt som halevarmer for høner. Men som de ser så gøymde høna seg og insisterte på at det var ein dårleg ide. Høner nå til dags veit ikkje sitt eige beste. |
Herlig alternativt innlegg om et velkjent problem.
SvarSlett