Eg klarte venta til malinga på pallekarmane var nesten tørr før eg fekk mannen med på å bera dei ut. Tenkte meg jo at dei kule fargane ville lyse opp. Og slik synes eg det vart til gangs.
Trur eg seier meg nøgd med dette prosjektet så langt. Nå er det bare å håpe at noko vil spire og vekse i kassane. Eg har svært lita erfaring med dyrking av grønsaker og urter.
Men nå har eg mulighet til å gjera meg nokre erfaringar.
Fekk ikkje tid til å planta i den blå og den røde i kveld - men godt å ha noko å gjera imorgon og ;-)
Har stifta plast på innsida, så rotnar dei ikkje så fort. |
Så har eg fylt på med kompost og jord |
Ragnhild og Stine spar jord til kassane |
Stine har sin eigen kjøkkenhage. Ho har sådd reddik, purre, og ruccola |
Rabarbraen er flytta til ein eigen kasse (den uten farge) |
Gressløk i full blomst, flytta frå sin midlertidige vekseplass, og over til urtekassen. |
I den røde skal det veksa jordbær, i den blå litt grønsaker, den gule er urtekassen, den lilla er Stine sin kjøkkenhage og heilt til høgre står rabarbrakassen. |
Når du er så driftig kan eg lettare sitja med freden. Neste vår. Då skal eg gjera allslags! Ser gildt ut å leva i "Hykken".
SvarSlett