Det vert snart nytt kjøkken i Hykken. Og det utan at eg bidreg det aller minste. Eg ligg strekk ut på benken med isjas. Min aktivitet begrensar seg til små rusleturar og ryggtrening. Har og lært meg å setja umåteleg stor pris på kiropraktoren, ho er verd si vekt i gull :-)
Men tilbake til kjøkkenet.
Me hadde eit kjøkken som var prega av bruk. Dører var knekkt og det var slark både her og der. I tilegg var det nok ikkje valt berre praktiske løysingar i ein travel byggeperiode for 18 år sidan.
Gode "Petter Smart" løysingar var brukt både her og der for å få det til å vara til det vart rå med nytt.
No er heile kjøkkenet pakka ned i esker, og me har litt kjøkken overalt i huset.
Men alt går i ein overgang.
Alt av gamal innreiing ute. Vaten og straum er på plass der det skal vera. Og "øya" som delte opp kjøkkenet er borte vekk.
Pludseleg såg me at kjøkkenet ikkje var så lite likevel.
Og veggene er malt grøne (varm grønn) Me likar litt fargar, og no har me vårkjensle på kjøkken heile året ;-) og kanskje litt 1950 tals kjensle og.
Nostalgien lever godt i Hykken.
Oppdatering kjem…….
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar