mandag 27. januar 2014

Me har ein eplesilo



Erlend gjer ein innsats for å ta vare på kulturen.
 Prosjekt fiksing av eplesilo er igang.
I byrjinga hadde me tenkt å berre mura att den vesle tarmen av eit rom. Det var liksom ikkje noko å ha på tenkte me.
Men når eit lite rom pludseleg får ei historie då vert det verd å ta vare på.
Kva er så ein eplesilo?
Fyrst og frems er det viktig å seia at eple er det jærske ordet for poteter (eple som veks på tre vert kalla søteple)
Det vart dyrka meir eple på garden enn det ein bruka til menneskemat. Desse epla vart så lasta på tilhenger og køyrt til det lokale meieriet.

Når golvet inne vart støypt
måtte betongen bæres inn i bøtter.
 På meieriet vart det stukke inn røyr som det kom varm damp ut av inn i epla. På denne måten vart epla kokte. Når ein så køyrde lasta heim att vart epla tømt ned i eplesiloen. Og eplesiloen var lukka (hermetisert) Utpå vinteren vart eplesiloen opna og då ein fjerna det ytterste laget som var mygla, kunne ein servera gode hermetiserte eple til dyra gjennom den kalde årstida.

Nå er både golv og tak støypt.
Men korleis innreder eg dette rommet tru.
Tja, det får eg tenkja litt meir på.

Fortsettelse følger……….
Plankane frå det gamle taket i eplesiloen har eg tenkt kan passa som salongbord.
Det gjeld berre å få Hykkenmannen med på ideen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar