lørdag 7. desember 2013

Tidleg desembermorgon og høne i snø


I løpet av dagen i går sa stormen takk for seg, heldigvis. Og sjølv om natta gav oss ein del nysnø, så var det godt å koma seg ut. Har vore tryggast å halda seg innandørs i uveret.
Ein kan verta litt "brakkesjuk" nokon kvar av innelivet. Ho var nok det den svarte høna og som hadde teke seg turen ut av huset etter to dagar på vagelet inne i hønsehuset.
Men koma seg inn att i den djupe snøen var verre. Det var jo som begge føtene var borte, så lenge ho var på bakken. Men heldigvis er hønene mine velsigna med gode venger - så ho tok lett turen opp på toppen av gjerde og låvebrua. Og med eit strengt blikk prøvde ho å forklara meg at dette med snø var nesten eit like tåpeleg påfunn som stormen.

Me andre kosa oss i den fine desembermorgonen, på føtene,  på akebrett og med kamera.



Og enden på høneturen i snø.
Jau, høna måtte rettleiast med forsiktig bruk av makt inn til resten av gjengen. Der heldt ho seg godt under varmepæra, og er ho ikkje ute att, så sit ho der enno.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar