Ein kvar tanke på å koma seg på jobb, skule og i barnehagen måtte berre gløymast.
Nå synte det seg at både barnehage og skule likevel vart stengt.
Det er ei stille verd å vakna opp til, ingen bilar på vegen, og alle lydane me vanlegvis høyrer er som "pakka i vatt"
Litt utpå føremiddagen lura me oss ut ein tur, me måtte prøva å laga oss ein sti til garasjen i det minste.
Inngangen til fjoset |
Idyll - fint er det, men det er jo litt snø då.
Litt godt arbeid her for ein snømåkar :-) |
Den fine lilla og grå picnic benken - nå i kvit drakt |
Ragnhild leitar etter bilen sin. |
Olav jobbar hardt med å laga sti frå huset til garasjen. Stien var spadd fram klokka 11.30.
Men då byrja vinden å auka på, og sjølv om det hadde slutta å snø, så fyk nok snart stien att.
Snøkledd lønn - visst er det fint.
Men store mengder snø er nå litt upraktisk likevel.
Men det er vel bare å koke godt med kaffi, setje seg i godstolen og vente på våren.
Oi så hvit og så mye snø, vakkert men mye jobb ja.
SvarSlettJeg håper dere har fått gravd frem biler og fått brøytet dere ut.
Dette ble dagens trim tenker jeg.
Ha en hvit og fin kveld, Marit.