søndag 26. august 2012

Steinkjerringa

Steinkjerringa mot blå jærhimmel
Steinkjerringa eller Mor Norge som ho og vert kalla er ein steinskulptur laga av Sigurd Sørendsen på slutten av 1800 talet, han laga skulpturen som ein del av eit arbeid kalla Fortiden.
Skulpturen er eigentleg laga for å stå ved Kongsgård skole i Stavanger.
Stine i fanget på kjerringa
God sti oppover, sjølv om ein av og til må hoppa frå stein til stein
Men der ville dei ikkje ha henne likevel. Kunstnaren vart og, etter kva dei seier lei heile jobben og reiste til Amerika.

 Då kjøpte ungdommar frå Nærbø og Varhaug skulpturen og frakta han i 3 deler opp der ho står no.
Dei må ha slite ein heil del medan dei jobba med dette, det er kilometer frå folk oppe på høgjæren.
 Så bruka dei og to år på arbeidet, og nasen hennar forsvann på turen.
Her oppe heiter ho Steinkjerring

 Men eg er sikker på at ho, sjølv om ho seier lite, likar plassen sin godt. Ho sit og skuer utover mot det blå havet, mitt i eit eige hav av lyng og myrar.
Steinkjerringa er eit ynda turmål, og i dag gjekk vår søndagstur hit.

Me kjørde til Holmavatn og parkerte bilen der. Det er ein fin tur oppover i lett terreng. Den passer likevel dårleg med barnevogn, her og der har ein måtta lagt ut store steinar til å hoppe på, myrene er blaute og sorpete.

Me gjekk frå parkeringsplassen kl. 13.00. Då gjekk me lenge i kø. Dersom de er som oss og helst likar å nyta naturen, om ikkje heilt åleine, så iallefall ikkje med følelse av julehandel i byen.
Då vil eg føreslå å gå tidleg på dagen, dersom ein ikkje heller vel å gå seg ein ettermiddagstur midt i veka.

Stine syntes det var ein fin tur, passar for 3 åringar seier ho
Fin haustlyng mellom steinane
FANTASTISKE JÆREN
Heim te Jæren - Hege Orstad - Klikk på linken

2 kommentarer:

  1. I min barndom var jeg med onkelen min på tur til steinkjerringa, har mange gode minner fra feriene på Jæren:) Flotte bilder og flott blogg:) Jeg kunne tenke meg å følge bloggen din men ser at du ikke har dette, jeg vil likevel legge bloggen din i blogg rullen min:) Ta gjerne en tur innom:) Ha en fin helg:)

    Elise

    SvarSlett
  2. Hei
    Heilt nederst står ei lita blå stripe "Blo medlem på dette nettstedet" Der kan du klikke. Koseleig at du har lyst å følge bloggen min :-)

    SvarSlett