"Å i august kan du få, litt bær å leske deg på, det skinner rødt i rødt, og blinker blått i blått..."
August er tid for modne bær i hagen. Det er ikkje alle år eg får/tek meg tid til safting når bæra er modne, ofte havnar det meste i frysaren. Men i år er bæra modne før skulestart, så då er det berre å setja igang. Fekk bruka ein del restar av bær frå sist haust.
Hadde både litt blåbær og tyttebær att.
Far likar godt å reisa på bærtur, så det skulle vera mulig å få fyllt opp att lageret.
Den ivrigaste bærhentaren |
Bærhenting er eigentleg ein sosial aktivitet. |
Stine har gleda seg til bæra skulle verta modne, og me skulle laga saft. |
OPPSKRIFT PÅ DAMPKOKA SAFT
Fyll opp kokaren med bær, du kan blanda ulike sortar.
Kok ut safta, det tek ca 1,5 - 2 timar.
Mål opp safta og ha ho i ei gryte.
Ha oppi sukker, ca 0,4 kg pr liter saft.
Rør sukkeret heilt ut.
Ha på kartongar - frys safta.
Nokre fine flasker til å ha i kjøleskapet |
Fint å bruka juicekartongar til å fryse safta i. |
Deilig med hjemmelaget saft! Jeg har faktisk også plukket endel rips i år, og blandet med andre bær fra frysen. Skal si saften får ben å gå på.
SvarSlettHa en fin helg!