torsdag 10. mai 2012

Lykkens sommerfugl sætter sig på skulderen af den der har tid til at vente

Ventar på vårvarmen
Kvardagar kan vera grå. Dei kan vera lange. Og dei kan vera blaute.
Slike dagar har me nå. Ikkje heime frå jobb før det er nesten kveld.
Regnskyene heng tunge. Og sola kan me sjå langt etter.

Likevel er det noko godt med å vente på sola og varmen. Ein tur ut i hagen i regnet minna på at den kjem på besøk i år og, sommaren.

Syriner snart klar for blomstring

Regntunge ripsblomar

Har du vondt i magen.......
Gjerde av nedsaga greiner

To rekker staur, og greiner mellom. 






























Då ungane var små lurte dei på kvar denne "Per i hagen" var. Erlend mala skilt, og det vart sett opp saman med ein stein å setje seg på. Så "har du vondt i magen, sett deg på ein stein og gnag på eit bein"















Tidlegare har eg blogga nedsaging av tre. Då sa eg at eg ville prøva å laga eit gjedre av greinene. Dette hadde eg sett på eit svensk hageprogram.
Gjerdet er no laga.
Langs gjerdet har eg planta klematis som eg etterkvart håpar vil dekke over. Har god tru og håp om at dette vil bli bra.
Og bakom er plengraset gøymt.




Så nå venter me...... på lykkens sommerfugl og varme gode sommardagar heilt utan planar.

Det beste av alt er å ha noko å glede seg til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar