mandag 7. juli 2014

Nye av året

Petter Pus II
Som vanleg utpå våren, tidleg sommar, kom det kattungar i Hykken. Dei vart født for 9. juni, og no er dei blitt såpass store at dei har byrja å ta seg ut for å leika.
Kattungane skal etterkvart få seg nye heimar alle saman. Eller med unntak av den raude, den skal bu i Hykken.
Ganske vanskeleg å få dei til å posera for fotografen, difor vert bileta litt varierande i kvalitet.

Men det var ikkje berre kattungar som såg dagen lys i vår. Ei av hønene har lege på egg og jamen vart det ikkje to søte små kyllingar og i hønsehuset.
Spanande dette.

Kyllingane skal sjølvsagt verta verande hos oss.



















Ei fin lita trefarga jente

Nesten litt salt og pepper dette

Kattemor synes nok det er litt i ovekant mykje styr med 5 små på ein gong. Me måtte hjelpa til med matinga og i byrjinga. Så kattungane har vorte veldig menneskekjære, me var ei stund forbunde med god melk på flaske.
Alt må undersøkjast nøye
To kvite sysken - med lang og fin pels
Kyllingane veks og til og ser ut til å trivast i gjengen.


1 kommentar:

  1. Nydelige kattunger. De er jo så skjønne
    når de nettopp har begynt å utforske verden.
    Kyllinger er det jo koselig å ha i hagen.
    Spennende når det kommer små kyllinger ut av egget.
    Ha ei flott sommeruke :)

    SvarSlett