onsdag 23. april 2014

Til Fotland på sundagskulen

Då eg var liten gjekk alle på sundagskulen. Slik var det berre. Kva sundag morgon vart me stabla i ein bil, det kunne vera vår bil eller nokre andre på garden sin bil. Sikkert var det iallefall at ingen bruka belte eller bilstol. Nei slikt var det ikkje plass til. For når ungane på garden skulle til Fotland på sundagskule, då var det fullt i bilen. Og med fullt i denne samanheng snakka me ikkje sjeldan om tre ungar i høyden. Alle skulle med, og berre ein bøyde hovudet så gjekk det bra og for dei som sat på toppen. Dei som var nederst var det litt synd på.
På det gamle bedehuset på Fotland sat me på trebenker, eg hugsar det var hardt og vanskeleg å sitja stille.
Alle me frå Omagarden vart plassert på ei rekke, då var me lettare å halda styr på. Det var nemleg dei to eldste jentene si oppgåve, å passa på oss små. Og dei tok oppgåva på alvor.

Eg hugsar me song mykje, "Alle, alle vil vi ha med", "Min båt er så liten" og "Om jeg er liten eller stor",  ikkje sjeldan vart dei vaksne mennene som tala til oss små, reint rørde av songen. Det var nok fyrste gongen eg såg vaksne menn fella nokre tårer.
Det alle gjevaste var om han med lysbileta kom. Eg hugsar eg håpa på det alltid, at når eg kom inn i salen så stod det høge smale stativet der med lysbileteframvisaren på. Han reiste rundt han med lysbileta, så han var nok innom når det var vår tur.
Så fekk me sjå bilete av hedningar frå Afrika og høyra om misjonsarbeidet. eller kanskje høyra ei bibelforteljing.

Og i sundagskule kortet, med bilete av fiskarar i båt  var det om å gjera å få flest mogleg fiskar og stjerner i garnet.

Seinare -




  fekk dei nytt bedehus og flanelograf. Og pludseleg var det ikkje berre litt eldre menn som var sundagskulelærarar. Nei, ei ung dame gjorde sin entre.
Eg hugsar det heile endra seg litt då.

Fyrst langt opp i barneskulen, då eg byrja å sova lenge om søndagsmorgonen slutta på søndagskulen.


Det nye bedehuset på Fotland, det gamle bedehuset kan skimtast som ein kvit flekk omtrent midt på taket av det nye (bilete er frå boka "Time herad fram til 1987)

Bibelsogeplakatane er lånt frå sidene til "Digitalt museum"


2 kommentarer:

  1. Husker da det bedehuset ble bygd.
    Har vært der noen ganger, men var nok ikke fast
    inventar der. Vi reiste til Bryne på søndagskule.
    Alle naboungene inn i stasjonsvogna til far.
    Tror vi kunne være opp mot 10 unger i bilen. En fremme,
    fire i baksete og fem i bagasjerommet? Jo det gikk så bra så. hehe
    Tror ungene av i dag går glipp av mye viktig som ikke
    får med seg søndagskole. På Jæren finnes det sikkert noen søndagskoler
    igjen, men her er det omtrent ingen, må i tilfelle reise langt.,
    Nydelige plansjer, Skulle gjerne hatt noen av de.
    Ha ei fortsatt god uke :)

    SvarSlett
  2. Så koseligt å lesa om Fotland og sundags-skulen. Fotland og Fosse er for meg heimstaden, så kjenne det gjer godt å bli minna på.

    SvarSlett