søndag 9. februar 2014

Jærhøna Doris på luftetur

 Ein dag tidleg i veka som gjekk skulle familiens minste ut for å henta egg. Litt slurv med dørkroken gjorde at døra vart ståande open. Ein klar invitasjon for våre eventyrlystne høns.
Så då såg Doris sitt snitt til å få sjå meir av nærmiljøet sitt.
Utferdstrangen førte til at ho spankulerte ut døra og var klar for å oppleva den store verda.
Hennar to fyrste dagar på tur veit me lite om. Ho heldt seg i skjul, antagleg redd for å verta bura inne att.
Seinare vart Doris observert i staudebedet, klart på jakt etter fuglamaten. Du veit utan mat og drikke duger høna ikkje.
Men då var eg aleine heime og kunne ikkje anna enn å gå ut for å fint be henne sitja stille, så eg kunne bære henne roleg inn att til vennene hennar.
Men nei, ho var ikkje klar for å avslutta ferien.
Men så på laurdags morgon høyrde mor i huset høna klukka og ropa rett utenfor husveggen.
Denne gongen var me mannsterke i heimen. Så Olav og Sindre tok beina fatt. Mor sjølv storma inn etter fotoapparatet.
Så var det med list å lempe å prøva å få fatt på denne høna. Det var som han sa, Olav "Me har jo trass alt betala 100 kroner for denne høna"
Jakta drog ut, for Doris var ikkje heilt sikker på at ho ville inn og heim.
 Til slutt gav ho seg, trengt inne i ei krå bak løa. Doris hadde ikkje store valet.


 Etter farten og døma inn under pæra, så trur eg nok det var godt å koma heim att. For som me alle veit "Borte bra men heime best"

1 kommentar:

  1. Var nok godt å komme inn i varmen igjen.
    Ha en flott søndag :)

    SvarSlett