torsdag 14. februar 2013

14. februar


Den 45. dagen i året. Det er 320 dagar att av 2013.
Men det er vel ikkje akkurat det me mest  forbind med 14. februar.
Dette er dagen til minne om St.Valentin som elska den blinde Julia. Og som lei martyrdøden kring år 273. Og vart skytshelgen for unge og forlova par og for det gode ekteskap
Kjenner at eg ikkje har det veldige forholdet til dette innhaldet.
Men gode ekteskap vil me jo gjerne ha - så då kjøper me roser og sjokolade til kvarandre.

Litt halvslapp haldning synes du kanskje.
Du må ikkje missforstå, eg har kjøpt hjartesjokolade til alle dei søte små.
Og både roser og sjokolade til den barske store, og gode mannen.

Men det minne som sit best frå 14. februar  for meg at eg for eit år sidan kvitta meg med blindtarmen. Eg hadde forferdeleg vondt og låg på akuttmottaket ved SUS. Og Hykkenmannen sat ved sida av og venta og venta. Utruleg romantisk spør du meg. Etter mange timar kom det tørt frå han "å her feirer me Valentin......"
Eg er sikker på at du nå lurer på korleis livet har vore utan blindtarm........ Liksom "mitt år utan blindtarm"....... det går fint, var ikkje store saknet, har ikkje tenkt så veldig på den tarmstumpen eigentleg...


Men årets Valentinstunt var det minstegutten som stod for.
15 år og inviterte sin nydelige kjæreste Siri på middag i fjoset.
Han var sjølv ute og handla mat og stæsj. ( og jammen var Jærbladet ute for å høyra om unge guttar brydde seg om Valentin, og giss kven dei interjuva :-)

Rådyr med poteter, grønnsaker og saus.
Flinke gutten.

Ok - mor hjalp til litt med pynten, men stemmninga stod dei sjølv for.
Håper dei hadde ein fantastisk fin kveld.

Dei to vaksne avslutta Valentindagen på beste måte - med å dele ei flaske NYNORSK RAUDVIN - det er jo trass alt vinterferie.

Fin valentindag i år - håper du har kosa deg du og - enten du feira eller lot det være.

2 kommentarer:

  1. Syns du virkelig gjør litt utav valentinsdagen.
    For en romantisk sønn du har som lager middag til kjæresten.Heldig hun. Her hadde jeg lagt igjen en hjeresjokolade med gald i deg på før jeg reiste på kveldsvakt. Slik er det når en jobber turnus. Mange slike dager blir brukt på jobb,
    Greit nok det, min kjære er ikke flink når det gjelder det romantiske så det er det i tilfelle jeg som må stå for. Greit å "slippe" det et år. Hehe.
    Ønsker deg ei riktig god helg :)

    SvarSlett
  2. Så utrolig festlig kommentar å få: Slik feirer me valentin. Godt å ha en barsk mann ved sin side, med jærsk evne til å ha beina på jorda. Nydelig dekket bord.
    God lørdag!
    Hilsen Ingvill

    SvarSlett